Shopping
Share this page
Heimen Husfliden
avd. Arbeidergata 1
Heimen Husfliden i Arbeidergata 1 har ei flott ny bunadsavdeling med stort utval av bunader og bunadstilbehør frå store delar av Norge.
Vi har også eigen systove og teknestove på huset.
I tillegg til bunadsproduksjon har vi også eit breitt utval av vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar innan norsk og nordisk handverk og design.
I produksjonsavdelinga vår i Arbeidergata 1 i Oslo arbeider 10 tilsette på sy- og teiknestova med å produsere bunader.
Her blir bunadproduksjonen overvaka frå start til slutt med måltaking, påteikning og klipping, til saum, tilpassing og montering. Dei tilsette har fagbrev eller meisterbrev innanfor fagfelt som bunadtilverking, tilskjering, kjole- og draktsaum, herre- og dameskreddarfaget, konfeksjonsteknikk og tekstilformgiving. Fleire har dessutan etterutdanning i «Drakt og samfunn» i regi av Institutt for bunad og folkedrakt/NTNU.